Plugin for hjertet 23

"Lærdomen du tar med deg heile livet er den som har sett dei djupaste spora i deg."

 

Når ein vert fylt med energi og livsglede, tar ein lettare imot lærdom. Når du har ei kjensle av at du er verdfull og vert sett pris på, når du får vere deg sjølv på alle måtar, det er då du er mottakeleg for lærdom. Kvar einskild som vert sett for den dei er, vert på den måten godt rusta til å møte det vi kallar “livets skole”.  Det er her folkehøgskulen er unik. Folkehøgskulen tar vare på mangfaldet, Folkehøgskulen tar vare på kvar einskild elev.

 

I helga var eg på jubileum på Møre Folkehøgskule i Ørsta, eg var elev på skulen i 1973/74.  Året i Ørsta forma og utvikla meg i stor grad, det var eit år som la eit godt grunnlag for å stå på livsens scene. Det var eit år som forma meg som menneske, eg vart meir moden og trygg i meg sjølv. Eg lærde å ta  omsyn til andre, eg lærde at samarbeid er det beste grunnlaget for utvikling og suksess.   

 

Men kva er læring? Læring er ikkje å forme alle likt, å støype dei i den same forma, men det er å ta vare på kvar og ein i mangfaldet. Det er å la kvar elev få utvikle seg, verte betre kjent med den du eigentleg er,  og slik lære å takle dei utfordringane som livet byr på. Folkehøgskulen står for meg som "Læra om å ta tak i å leve livet du har fått, korleis du utviklar gåvene og talenta dine til det beste for deg sjølv og andre."

 

Ja læring er å ta vare på mangfaldet, å finne det unike i kvar enkelt, det som gjer at du strålar, det som gjer deg glad. For det er slik vi utviklar oss kvar og ein av oss både aleine og i saman med andre. Det er det kvar og ein av oss kan gi tilbake, og som andre har nytte av, som skapar og utviklar dette flotte landet vårt. Difor er det viktig at skulen og samfunnet dyrkar mangfaldet, får fram og tar vare på kvar einskild sitt potensial.

 

Så du som er lærar idag på alle plan i den norske skulen, finn ut kva kvar einskild er interessert i og bruk det som grunnlag for utvikling og læring. Det du er interessert i, det du brenn for, lidenskapen din, det blir du også god på når du får utvikle og seinare hauste av den.

Når du er blitt god på det du brenn for, vil du då lettare også ta til deg kunnskap om det du ikkje har så stor interesse for, fordi du då har vorte tryggare i deg sjølv. Det er slik du tek med deg lærdomen gjennom livet.

 

Lærdomen som sett dei djupaste spora i deg er lærdomen du fekk då du blei sett og høyrd for den du er, når du hadde ei kjensle av at du fekk utvikle deg og vere deg sjølv fullt ut. Lærdomen du tar med deg heile livet er den som har sett dei djupaste spora i deg.  Den ligg der alltid lagra i hjartet ditt klar til å brukast i di vandring på livsens veg.  Eit år på Folkehøgskule skulle vore obligatorisk sa vi til kvarandre vi som var samla på jubileum i helga på Møre Folkehøgskule i Ørsta.

- Bernt-Åge Grimstad